Det var over 100 utøvarar som deltok på premieutdelinga for årets rekrutteringscup. I år har det vore over 160 deltakarar på friidrettscupen. Det er truleg det høgste deltakartalet nokon gong.
Avslutninga starta med superpendelstafetten, der alle cupdeltakarane i alderen 4-14 år deltok. I superpendelstafetten var det rundt 15 deltakarar fordelt på 7 lag. Alle laga var vinnarar! Etterpå var det medalje og pokalutdeling, med pølse og saft til slutt.
No tek fridretten treningsfri i ein månad. Oktober vert sett av til planlegging av vintersesongen.
Kalender
|