Ørsta IL friidrett ønskjer alle foreldre/føresette til barna og ungdomane i friidrettsgruppa velkomne til foreldremøte måndag 12. oktober kl 18 på Ørsta IL klubbhus.
Vi deler møtet i to: Første del vert for alle foreldre. Andre del er og open for alle, men vert litt meir spissa på konkrete planar.
Dette blir eit svært interessant møte: Vi er så heldige å få Henrik Carstens frå Norges friidrettsforbund til å kome og inspirere til vidare aktivitet.
Hovudmålet med møtet er å gjere klubben best mogeleg rusta til å halde fram med det høge og gode aktivitetsnivået. For å klare det er vi heilt avhengige av at fleire i foreldregruppa er med og sikrar vidare aktivitet. Norges friidrettsforbund har mange gode råd om korleis få til dette.
Det har i år vore rekorddeltaking på treningar og stemne frå Ørsta IL friidrett. Det har vore rundt 200 deltakarar på kvart av dei store stemna våre i år. Nesten 170 barn har delteke på friidrettscupen. Det har ofte vore rundt 80-90 barn på treningane. Vi delte nettopp ut premiar for best frammøte på treningane for dei som er 10 år og eldre: Dei som hadde best frammøte har delteke på nesten 100 treningar siste året.
Ørsta IL friidrett er no ei av dei tre største friidrettgruppene i Møre og Romsdal. Den store aktiviteten, dei gode resultata og potensialet er det som har gjort at Norges friidrettsforbund har teke kontakt.
Vi treng tilbakemelding frå alle om de kjem eller ikkje kjem.
Svarfrist seinast onsdag 7. oktober. Svar gjerne før.
Henrik Carstens er ein dyktig inspirator og ei av eldsjelene i klubben Trondheim Friidrett. Han har vore med å få klubben opp blant dei beste klubbane i landet på få år. Carstens var sjølv aktiv utøvar på høgt nivå i sin ungdom.
Velkomen til ein givande friidrettskveld!
Kalender
|