AVLYSING av fellestreningar til og med 19. januar

I tråd med dei nye retningslinene frå regjeringa så avlyser Ørsta IL friidrett alle fellestreningar til og med 19. januar.

Dette gjeld både innandørs- og utandørstreningane. 

Slik tilhøva er no kan vi ikkje ha gode løpstreningar på stadion.  På løpestripa bak tribuna vil det vere vanskeleg å halde ein meters avstand.

Vi oppmodar om god eigentrening i perioden. 10-12-årsgruppa kan halde fram med treningsprogrammet vi la ut i jula. Dei i alderen 13-pluss bør ha to eigentreningar med løp og ei økt med spenst, og gjerne meir om de ønskjer det. Dei eldste kan kontakte trenarane dersom dei ønskjer meir detaljert opplegg

2021-01-03
olve.oyehaug

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket