Svært underhaldande 1500 m på SpareBank1-leikane

Det vart ein svært spennande og underhaldande 1500 m som avslutta SpareBank1-leikane på Ørsta stadion. Jonatan Hovden Ryste (G13) og Noah Digernes Merheb (G14) la ut i relativt roleg tempo i første halvdel av løpet, men auka stadig etter det. Noah drog i 1400 m og kvar gong Jonatan prøvde å passere så svarte Noah med å auke tempoet. Frå omlag 800 meter auka farta godt. Dei siste 250 meterane vart ein langspurt, der dei auka til full sprint skulder mot skulder dei siste 100 meterane. Noah kasta seg først over målstreken og slo Jonatan med 7 hundredelar med tida 4,52,63. Begge vart vinnarar i sine aldersklassar. Med litt finpuss dei komande vekene kan begge vere kapable til å setje klubbrekord på 1500 m i sine aldersklassar.

Rekruttane i alderen 6-9 år deltok i 60 meter, lengde og liten ball. Dei viste idrettsglede og stor innsats. For aldersgruppa 10-19 år var det større utval i øvingar innanfor løp, kast og hopp. 10-12 årsgruppa har øvd mykje på hekk, og det viste godt att på stemnet. Ei som var ekstra rask var Madelene Almestad (J11) som flaug over hekkane på 11,81 sek på 60 m hekk. 

Rundt 40 deltakarar i alderen 6-19 år var i aksjon på klubbstemnet Sparebank1-leikane den 6. juni på Ørsta stadion. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Arrangør Ørsta IL friidrett valde å redusere deltaking til kun klubbens medlemer p.g.a. covid-19-pandemien. Med gradvis opning av samfunnet har klubben som mål å arrangere storstemnet Ørstaleikane over to dagar siste helga i august med deltakarar frå heile fylket og frå nabofylka.   

Trykk på linken under for å sjå resultata. Resultatliste Sparebank1-leikane 2021

2021-06-06
olve.oyehaug

Noah Digernes Merheb (G14) kastar seg i mål 7 hundredelar før Jonatan Hovden Ryste (G13) på 1500 m.

To stolte 1500 meter-løparar. Noah Digernes Merheb (G14) t.v og Jonatan Hovden Ryste (G13) t.h. 

Noah Digernes Merheb (G14) "tek ein Usain Bolt" etter 1500 meteren.

Medaljevinnarane på både 60 meter og lengde i klassen J11: F.v. Ragne Øyehaug, Madelene Almestad og Silje Søvik Mårstøl. 

Julie Hovden Ryste tok tre gullmedaljar i klassen J13.

Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13) sprang 60 meter på gode 8,93 sek.

Filip Hoggen (G17) er allsidig med gode resultat både i løp og hopp. Han sprang 400 meter på 57,16, like bak personleg rekord. 

Ragne Øyehaug (J11) var stolt vinnar av kule. Premie var medalje og sekk frå SpareBank1 Søre Sunnmøre.

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket