Mange nye rekordar på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen

Ørsta IL friidrett sine 12 utøvarar sette 16 nye personlege rekordar og 14 nye klubb-/aldersrekordar på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen på laurdag. Det sterkaste resultatet var kanskje frå Noah Digernes Merheb (G14) som fekk 1003 Tyrvingpoeng for 200 m på 24,76 sek. Ein som imponerte igjen var Jonatan Hovden Ryste (G13) på 60 m hekk med 9,85 sek og 990 Tyrvingpoeng. Det vart åtte resultat over 900 på Tyrvingtabellen, og mange medaljar til Ørsta IL friidrett.

Nye klubbrekordar innandørs:

·      J11. Madelene Almestad: 60 m hekk (68,0) 11,53 - Kule 2 kg 8,20 m (964 p) - Høgde 1,31 m (977 p).

·      J12. Madeleine Kristoffersen: Høgde 1,24 m.

·      J12. Pia Flatjord Tofteland: 60 m hekk (76,2) 11,59 - 60 m 8,94 - 200 m 30,26 - Lengde (sone) 4,50 m (958 p).

·      G13. Jonatan Hovden Ryste: 60 m hekk (76,2) 9,85 (990 p) - 600 m 1,37,98 (909 p).

·      G14. Noah Digernes Merheb: 60 m 7,86 (970 p) - 200 m 24,76 (1003 p) - 600 m 1,36,09 - Lengde 4,98 m.

Vidare var det mange andre gode resultat: Madelene Almestad (J11) fekk 941 poeng etter eit hopp på 4,07 m i lengde (sone). Julie Hovden Ryste (J13) hoppa 4,64 m i lengde (sone) og fekk med seg 924 poeng. Julie (J13) sette ny PR på 200 m 29,39 som er klubbens 7. beste tid gjennom alle tider for kvinner på 200 m innandørs. Lea Johanne Asbjørnsdottir Skotte (J11) hoppa 3,37 m og sette ny PR i lengde (sone). Elise Aarflot (J15) sprang 60 m 8,69 som er tett bak persen på 8,65.

Rekruttane er dei som er 9 år og yngre. Klubben stilte med fire utøvarar der, og dei deltok i 60 m og lengde. I dei aldersklassane er ikkje resultata rangerte, men vi tillet oss å nemne at både innsats og resultata gjer at det blir spennande å følgje med denne gjengen vidare. Rekruttane var Peter Flatjord Tofteland (G8), Lotta Flatjord Tofteland (J8), Håkon Jarl Asbjørnson Skotte (G9) og Kristoffer Aam.

Sparebanken Møre leikane vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen laurdag 27. november. Det var deltakarar frå Møre og Romsdal og nordlege del av Vestland fylke. Størst var deltakinga i aldersgruppene 6-11 år. Det viser at det gror godt i friidretten.

2021-11-28
olve.oyehaug

Noah Digernes Merheb (G14) som fekk 1003 Tyrvingpoeng og klubbrekord G14 for 200 m på 24,76 sek. 

SPB%20Ulsteinhallen%202021%20-%20Julie%20Jonatan%20Noah.jpg

F.v. Julie Hovden Ryste (J13) , Jonatan Hovden Ryste (G13) og Noah Digernes Mereb (G14) 

SPB%20Ulsteinhallen%202021%20-%20Lotta%20Peter%20og%20Mina.jpg

F. v. Lotta Flatjord Tofteland (J8), Peter Flatjord Tofteland (G8) konkurrerte med stor innsats. Mina Almestad var med storesyster Madelene som maskot.

SPB%20Ulsteinhallen%202021%20-%20Lea%20og%20Madelene.jpg

Lea Johanne Asbjørnsdottir Skotte (J11) og Madelene Almestad (J11) er to skikkelege talent!

 

 

 

 

 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket