Møre og Romsdal friidrettskrets inviterer til treningssamling i Ulsteinhallen 12.-13. desember. Samlinga er for alle utøvarar som er 2004-modellar og eldre. Det er tilpassa opplegg for dei ulike aldersgruppene.
Gruppa 13 år og eldre har to onsdagstreningar i Ulsteinhallen før jul: Onsdag 18. november og onsdag 2. desember. Frammøte kl 1700 ved Ørsta IL klubbhus. Vi baserer oss på at foreldre køyrer til/frå. 10-12-årsgruppa har som vanleg trening i Ørstahallen.
30 friidrettsutøvarar frå Møre og Romsdal er i sving i Ulsteinhallen. Ørsta IL stiller med ein stor gjeng. Lokale unge trenarar inspirerer og motiverer utøvarane i alderen 12-14 år.
Ørsta IL har fått ny nettside. Følg med på sida for Friidrett for oppdatert friidrettsinformasjon.
Ørsta IL friidrett stiller med 10 utøvarar på treningssamlinga for 12-14-åringar i Ulsteinhallen i helga 31/10-1/11.
Kalender
|