Ørsta IL friidrett arrangerer treningsstemne tysdag 20. april i Ørstahallen ved lengdehoppgropa
Øvingar:
Lengde med tilløp
Lengde og utan tilløp
Kl 18-19: 10-12 år - 4 forsøk i kvar øving
Kl 19-20: 13 år og eldre - 6 forsøk i kvar øving
Det vert ikkje vanleg trening denne dagen.
Vi oppmodar gruppa 13 år og eldre om å møte ca kl 18:30 og varme opp inne i hallen.
Påmelding ved frammøte. Gratis.
P.g.a. covid-19-pandemien er stemnet avgrensa til Ørsta IL friidrett sine utøvarar.
Ørstahallen opnar att tysdag 13. april. Det vert dermed friidretstrening inne i Ørstahallen tysdag for 10-12-årsgruppa og for 13-pluss-gruppa. Fellestreninga for 13-pluss på måndag 12. april vert avlyst. Vi oppmodar om eigentrening måndag.
I lys av koronasituasjonen no vert Ørstahallen stengt for alle treningar med umiddelbar verknad og til og med søndag 11. april. Dette gjeld også eigentrening, klatring og bruk av styrkerom.
I revidert utgåve av Ørsta IL friidrett sitt årshefte frå 2020 finn du bilete, omtalar, rekordar og meir. Du finn og statistikken til friidrettsgruppa, med rekordar som går mange år tilbake i tid.
Den reviderte utgåva er oppdatert med nokre tillegg som ikkje var med i første utgåve.
Kalender
|