Innkalling til årleg møte (tidlegare kalla årsmøte) i Ørsta IL friidrett
Tid: Måndag 22. mars 2021 kl. 18.00
Stad: Nettmøte via Teams
Sak 1. Godkjenning av innkalling og saksliste
Sak 2. Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under protokoll
Sak 3. Godkjenning av årsmelding
Sak 4. Godkjenning av rekneskap og budsjett
Sak 5. Val av nytt friidrettsstyre
Sak 6. Val av valnemnd
Sak 7. Fastsetting av treningsavgift
Sak 8. Evt. innkomne saker
Vi oppmodar alle friidrettsinteresserte til å delta.
Du melder deg på møtet ved å sende epost til Ørsta IL friidrett (orstail.friidrett@gmail.com) seinast måndag 22. mars kl 17.00. Du vil då få tilsendt ein link til nettmøtet.
Hovudsponsor SpareBank1 Søre Sunnmøre tildelte kr 30 000 i Drivkraftmidlar til Ørsta IL friidrett fredag 5. mars. Midlane skal gå til nytt tidtakarsystem.
Midlane er eit stort og viktig bidrag til finansiering av tidkararsystemet. Det nye utstyret frå FinishLynx vert installert på Ørsta stadion før sesongstart. Dette er utstyr på nivå med det som vert brukt på store stemne over heile verda. Det gamle tidtakarsystemet var over 20 år, og tida var inne for å skifte det ut.
Med denne tildelinga, spleisen i februar, tidlegare mottekne gåvemidlar og oppsparte midlar i klubben er det nye tidtakarsystemet fullfinansiert.
I staden for den årlege 900-poengsfesten til Ørsta IL friidrett vert det i år utdeling av 900-poengsfat, frammøtepremie og årshefte på treninga tysdag 9. mars.
900-poengsfat: 17 utøvarar frå Ørsta oppnådde til saman 73 resultat over 900 poeng etter Tyrving-tabellen i 2020:
Agnes Hjellen Haugland, Alfred Keilen Thomsen, Anna Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen, Filip Hoggen, Frøya Bernseter Keilen, Isak Vindfjell, Johannes Eiksund, Jonatan Hovden Ryste, Julie Hovden Ryste, Kristian Aarflot Årdal, Madeleine Kristoffersen, Madelene Almestad, Maria Mjelva Straume, Pia Flatjord Tofteland, Ragne Øyehaug og Rasmus Nymark. Alle desse 17 får fat på slutten av treninga.
Frammøtepremie: Dei som hadde mest frammøte på treningane i sesongen frå november 2019 til oktober 2020 får gåvekort. Det vert tre premiar i aldersgruppa 10-12 år, og tre i gruppa 13 år og eldre.
Årsheftet for 2020 inneheld mange sider tettpakka med friidrettsinfo om Ørsta IL friidrett frå året 2020. Der er artiklar, bilete og statistikk. Vi leverer ut papirutgåve på treninga. Trykk her for digital utgåve.
I vinterferien 22.-28. februar er det ikkje fellestrening for Ørsta IL friidrett. Vi oppmodar om god eigentrening.
Forslag til økter:
10-12 år: Uteaktivitet som ski, aking, og liknande. Minst to økter i løpet av veka.
13 år og eldre: Bruk same opplegg som i jula. Minimum tre økter i løpet av veka.
Kalender
|