Trykk her for årsheftet 2020 Her er mange sider tettpakka med friidrettsinfo om Ørsta IL friidrett frå året 2020. Du finn her artiklar, bilete og statistikk.
Trening for 10-12-årsgruppa i dag torsdag 4. februar vert avlyst. Ørstahallen er stengt i dag p.g.a. reinsing. Det vert utandørs trening som normalt for gruppa 13 år og eldre. (Vi orsakar sein melding om dette men fekk ikkje vite før no at hallen er stengt.)
Alle pengane som vert samla inn går til å finansiere nytt tidtakarsystem for friidrett på Ørsta stadion
Friidrettsgruppa måtte på slutten av 2020 kjøpe inn nytt tidtakarutstyr då det gamle utstyret ikkje lenger fungerte. Eit velfungerande tidtakarutstyr er naudsynt for å kunne arrangere friidrettsstemne og for å kunne tilby god friidrettsaktivitet i Ørsta. Stemna er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til gruppa.
Link til Spleisen: www.spleis.no/tidtakarsystem
Ørsta IL friidrett startar opp att treningane torsdag den 21. januar for aldersgruppene 10 år og eldre. Første treninga vert torsdag kl 18-19 for aldersgruppa 10-12-år inne i Ørstahallen. For aldersgruppa 13 år og eldre er første trening torsdag kl 18 ute (frammøte på den overbygde løpebana ved Ørstahallen).
Vi held fram med same opplegg og treningstider som vintertreningstidene før jul.
Friidrettsgruppa vil kome med oppdatert plan for fellestreningar kort tid etter at myndigheitene har kome oppdaterte retningsliner den 19. januar.
Vi oppmodar alle utøvarar om å trene godt vidare på eigentrening. Følg gjerne treningsforslaget vi la ut tidlegare i januar.
Kalender
|