Nyheter

I tråd med dei nye retningslinene frå regjeringa så avlyser Ørsta IL friidrett alle fellestreningar til og med 19. januar.

Dette gjeld både innandørs- og utandørstreningane. 

Slik tilhøva er no kan vi ikkje ha gode løpstreningar på stadion.  På løpestripa bak tribuna vil det vere vanskeleg å halde ein meters avstand.

Vi oppmodar om god eigentrening i perioden. 10-12-årsgruppa kan halde fram med treningsprogrammet vi la ut i jula. Dei i alderen 13-pluss bør ha to eigentreningar med løp og ei økt med spenst, og gjerne meir om de ønskjer det. Dei eldste kan kontakte trenarane dersom dei ønskjer meir detaljert opplegg

03.01.2021
- olve.oyehaug

Det var stor stemning på årets siste treningsstemne i Ørstahallen. Dei som var 12 år og eldre konkurrerte i lengde med og utan tilløp. Dette vart ei flott avslutting med mange personlege rekordar. Stemnet var og ope for dei som var yngre og 10-åringen Kristian Aarflot Årdal slo til og vart medlem av 900-poengsklubben. Meir info kjem på medlemsgruppa på Facebook.

Trykk her for resultatliste treningsstemne 2020-12-17

17.12.2020
- olve.oyehaug

14 dyktige utøvarar i alderen 9-11 år imponerte på treningsstemnet i dag i Ørstahallen. Det vart sett mange personlege rekordar, og det vart også sett klubbrekordar i aldersbestemte klassar.

Øvingane var tresteg, lengde med tilløp og lengde utan tilløp. 

Trykk her for resultatliste treningsstemne 2020-12-15

Torsdag er det treningsstemne for dei som er 12 år og eldre. Etter det tek vi juleferie.

15.12.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne (denne gong for dei eldste)

Stad: Ørstahallen

Dato: Torsdag 17. desember

Tid: Kl 18.00 (vi vert nok ferdige noko etter kl 19) - vi bruker litt tid i starten på oppvarming

Aldersgruppe: 12 år og eldre (2008-modellar og eldre)

Øvingar:

* Lengde med tilløp

* Lengde utan tilløp

Vel møtt! Siste sjanse i år til å setje pers. :-)

Deltaking er gratis. Påmelding ved frammøte for dei som deltek på treningane til vanleg. Andre må sende påmelding på epost til orstail.friidrett@gmail.com

Det er ikkje rom for publikum. Men vi kan trenge treng funksjonærar, så meld frå snarast om du kan hjelpe til.

10.12.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne

Stad: Ørstahallen

Dato: Tysdag 15. desember

Tid: Kl 18.00 (vi vert nok ferdige noko etter kl 19) - vi bruker litt tid i starten på oppvarming

Aldersgruppe: 9-11 år (2009-2011-modellar)

NB! Det vert eit eige stemne seinare for dei som er eldre.

Øvingar:

* Lengde (med tilløp)

* Tresteg (med tilløp)

* Lengde utan tilløp

Vel møtt! Siste sjanse i år til å setje pers. :-)

 

Deltaking er gratis. Påmelding ved frammøte for dei som deltek på treningane til vanleg. Andre må sende påmelding på epost til orstail.friidrett@gmail.com

Det er ikkje rom for publikum. Men vi kan trenge treng funksjonærar, så meld frå snarast om du kan hjelpe til.

08.12.2020
- olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket