Anna Hjellen Haugland sette igjen ny banerekord i slegge på treningsstemne på Ørsta stadion den 8. september.
Anna kasta 4 kg-slegga ut til gode 43,83 meter. Dette er ny personleg rekord (før 43,42 m) og 945 Tyrving-poeng. 43,83 er ny banerekord i slegge kvinner senior og ny klubbrekord kvinner junior og senior.
Anna hadde frå før den førre banerekorden.
Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne løp og hopp tysdag 15. september.
Stemnestart kl 18.00
Oppmøte for utøvarar seinast kl 17.30
Oppmøte for funksjonærar kl 17.00
P.g.a. koronapandemien skal vi ha full kontroll på kven som er på arrangementet. Det vert derfor påmelding på førehand.
Påmeldingsfrist er søndag 13. september. Påmelding via MinIdrett.
Alle publikumarar må vere på triubunen, og må registrere seg med namn og tlf-nr ved frammøte.
Øvingsutval:
8-9 år: 60 m og lengde
10-12 år: 100 m, 600 m, lengde, tresteg
13-19 år: 100 m, 800 m, lengde, tresteg
Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne slegge senior tysdag 8. september kl 19.00 på Ørsta stadion. Klassar er MS og KS. Påmelding via MinIdrett.
Publikum må registrere seg med namn og telefonnummer ved frammøte.
Møre og Romsdal sitt friidrettslag tok andreplassen på Lerøy-leikane i Trondheim i helga. Sør-Trøndelag vann solid med 394 poeng, Møre og Romsdal hadde 313 poeng og Nord-Trøndelag tok tredjeplassen med 294 poeng. Det var ein spennande kamp, og berre nokre få poeng ned til 4. og 5. plass.
Lerøy-leikane er ein lagkamp der friidrettskretsane konkurrerer om å få flest poeng. Resultata frå Ørsta IL friidrett sine utøvarar som hadde kvalifisert seg til lagkampen var viktige for resultatet.
Isak Vindfjell (G13) tok sølv på 60 m med tida 8,26. Dette er ny personleg rekord (PR) og gav 929 Tyrvingpoeng. Han tok bronse i lengde med ny PR 4,65 m, og bronse på 200 m med ny PR 27,45. Han tok og 5. plass i tresteg.
Håvard Bernseter Keilen (G13) tok to gode 4. plassar. Den eine var i kule 3 kg med 8,42 m og ny PR. Den andre var i spyd 400 gr med 25,86 m og ny PR. Han hoppa 1,26 m i høgde og sette ny PR (før 1,20 m) og vart nr 5.
Jenny Hermine Bjørneset (J14) sette ny PR i slegge 3 kg (119,5) med 12,71 m og vart nr 6. Ho tok 9. plass i diskos 0,75 kg etter å ha kasta diskosen ut til 12,56 m og ny PR. Ho tok og 9. plassen på 600 m.
Elise Aarflot (J14) tok seg til finalen på 60 m og kom i mål til ein 7. plass på 8,66. Ho sette ny sesongbeste 29,65 på 200 m og vart nr 8. Ho hoppa 8,74 m i tresteg og vart nr 11 der.
Resultata ligg på: https://webres2.andro.no/ungdomelekene/2020/trondheim/?fbclid=IwAR2E9DM5cReZITzWVxscBJhiUiWXU0iG9XM-b9LtKRI3FTmJMNbskkb3DXU
Nettside for stemnet: https://www.friidrett.no/barn-og-ungdom/leroy-lekene/midt-og-nord-norge/
Facebook-link til stemneinfo: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge
Programbladet for stemnet: https://www.friidrett.no/globalassets/barn-og-ungdom/ungdomslekene/midt--og-nord-norge/program-leroy-lekene-midt-og-nord-norge-2020-komprimert.pdf
Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernreglar. Det gjorde at arrangementet vert noko annleis enn tidlegare år, med mellom anna ekstra god handhygiene, krav til avstand og andre tiltak.
Lerøy-lekene 2020 for Midt- og Nord-Norge samla kretsane i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark og vert av mange rekna som årets store hending for landets 13- og 14-årige friidrettsutøvarar. Lerøy-leikane samlar 7-800 jenter og gutar på tre stader i landet.
Lerøy-leikane i Trondheim: Ørsta IL friidrett stiller med fire utøvarar på Lerøy-leikane i Trondheim denne helga. Lerøy-leikane er ein sosial og spennande lagkamp mellom friidrettskretsane. Det vert konkurrert i eit breidt utval av øvingar.
Elise Aarflot, Jenny Hermine Bjørneset, Isak Vindfjell og Håvard Bernseter Keilen frå Ørsta IL friidrett kvalifiserte seg til å representere Møre og Romsdal friidrettskrets.
Du finn info og m.a. live-stream via linkane under.
Nettside for stemnet: https://www.friidrett.no/barn-og-ungdom/leroy-lekene/midt-og-nord-norge/
Facebook-link til stemneinfo: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge
Programbladet for stemnet: https://www.friidrett.no/globalassets/barn-og-ungdom/ungdomslekene/midt--og-nord-norge/program-leroy-lekene-midt-og-nord-norge-2020-komprimert.pdf
Stemnet vert i tråd med gjeldande smittevernreglar. Det gjer at arrangementet vert noko annleis enn tidlegare år, med mellom anna ekstra god handhygiene, krav til avstand og andre tiltak.
Lerøy-leikane vert ofte kalla eit "uoffisielt NM for 13- og 14-åringar". Landet vert delt inn i tre regionar, og det er tre arrangement samtidig, eitt i sør, eitt i vest og eitt i midt/nord. Det er ein konkurranse mellom friidrettskretsane i landet. Kretsen med høgst samla poengsum vinn. Møre og Romsdal har vunne konkurransen i mange år.
Kalender
|