30 flinke og blide barn deltok på Ørsta IL friidrett sin friidrettsskule Nestle Idrettsleikar 10. - 12. august. Saman med sju leiarar var barna i sving med friidrettsaktivitetar i tre heile dagar. Mange kjende på støle og stive musklar etter dei gode øktene. Dette er åttande gong friidrettsgruppa arrangerer friidrettsskulen. Sjå avisene Møre Nytt og Møre for flotte omtalar av friidrettsskulen.
Ørsta IL friidrett inviterer til Ørstaleikane på Ørsta stadion laurdag 22. august 2020.
Klubbliste og startliste er klare (oppdatert torsdag ettermiddag kl 17). Tidsskjema er og klart no.
Trykk på linkane under for å opne listene.
Klubbliste Ørstaleikane 2020 (pr torsdag)
Startliste Ørstaleikane 2020 (pr torsdag)
Meld frå snarast til arrangør om de finn manglar eller feil.
Påmeldingsfrist var tysdag 18. august.
Vi har endeleg høve til å opne også for 8-9 åringar. Stemnet er for aldersgruppene frå 8 år til senior.
Stemnet vert arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Publikum som ønskjer å vere til stades må søke arrangør om plass. Alle som er på stemnet skal følge gjeldande smittevernsreglar.
Grunnreglar:
Sjuke personar skal halde seg heime
God hand- og hostehygiene og forsterka reinhold
Halde minst ein meters avstand og redusere kontakt mellom personar
Stemnet vert delt i to: Først rekruttane kl 11. Deretter 10 år og eldre kl 12.
Sjå invitasjonen for meir informasjon: Trykk her for å opne innbyding Ørstaleikane 2020 Ørsta IL friidrett
Vi treng mange funksjonærar. Ta gjerne kontakt om du kan bidra.
Vi har lagt til tilleggsøvingar: Høgde for G/J 13-17, Slegge G/J 11-15, Diskos G/J 11-15, Spyd G/J 15.
Elias Hovden Nilsen imponerte stort då han tok tredjeplass i spydkast på Bislett med gode 63,51 m, og ny personleg rekord. Elias hadde ein god serie der fire av seks kast var over 61 meter.
Johannes Eiksund sprang ein god 100 meter på 11,51 i godkjent vind. Dette er den nest raskaste 100-meteren til Johannes med godkjent vind nokon gong.
Boysen Memorial, oppkalla etter legenden Audun Boysen, vart arrangert på Bislett stadion måndag og tysdag 29.-30. juni. Fleire av landets fremste utøvarar stilte til start, fronta av Team Ingebrigtsen og Eivind Henriksen.
Sjå meir informasjon på boysenmemorial.no
Ørstas raskaste mann, Johannes Eiksund er i storform! I helga sette han to klubbrekordar og tre personlege rekordar på Veidekke-sprinten på Lillehammer.
På laurdagen sprang han 60 m på 7,26 og 150 m på 17,01, med godkjent vind. Begge resultata er klubbrekordar (elektronisk tid). Søndagen spurta han inn til ny personleg rekord på 200 m med gode 23,50 i godkjent vind. Johannes er no den tredje raskaste nokon gong i klubbens historie på 200 m (elektroniske tider). Han sprang 100 m på gode 11,43, men med for sterk vind, 3,1 m/s, for å få godkjent resultat.
Det står stor respekt av å gjennomføre fire så gode løp på to dagar.
No gjer Johannes seg klar til å delta på Boysen Memorial på Bislett tysdag 30. juni, saman med klubbkamerat og spydkastar Elias Hovden Nilsen.
Veidekke-sprinten samla mange av dei raskaste sprinterane i landet. Stemnet vart arrangert av Lillehammer Idrettsforening laurdag 27. juni og søndag 28. juni på Stampesletta på Lillehammer.
Resultat frå stemnet finn ein på: lillehammerif.no
Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettsskulen Nestle-leikane på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2020. Det er kvart år rift om plassane, så ver raske med å melde på.
Det er plass til 60 barn på friidrettsskulen Nestle-leikane.
Smittevern i samband med covid 19-pandemien: Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernsreglar frå myndigheitene og frå friidrettsforbundet. Friidrettsforbundet har utarbeidd ein eigen veiledar for smittevern på Nestle-leikane. Denne vert brukt gjennom heile arrangementet.
Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.
Alder: 7-12 år
Varigheit: 3 dagar
Når: Måndag 10. august - onsdag 12. august, klokka 9-15.
Stad: Ørsta stadion
Påmeldingsfrist: 2. august 2020 kl 20.00
Pris: Kr 750,-
Deltakargåve: T-skjorte
Antal: 60 deltakarar
Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta2020
Oppmøtestad: På friidrettsbana på Ørsta stadion
Mat og drikke: Alle må ta med mat og drikke.
Innhald
Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe barna på deira eigne premissar.
Bli med!
La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.
Ørsta IL friidrett har sidan 2012 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 7-12 år. Det har så godt som alle år vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.
Kalender
|