Elias Hovden Nilsen flytta sin eigen banerekord i spyd på Ørsta stadion frå 56,78 m til 58,62 m på SpareBank 1 - leikane.
Trass temperatur rundt 30 varmegrader vart det svært gode prestasjonar på dei 55 utøvarare som deltok på stemnet.
Johannes Eiksund (G17) sprang klubbens nest raskaste 100 m for menn gjennom alle tider på strålande 11,44. Dette er ny solid PR (før 11,74) og 1010 Tyrvingpoeng. Johannes er no klar for både UM og Junior NM.
Arnstein Ose (G15) kasta 4 kg slegga ut til 31,51 m som er godt over UM-kravet i slegge G15.
Julie Hovden Ryste (J12) hoppa 4,41 m i lengde - 939 Tyrvingpoeng. Ho fekk opp gode 9,00 m i tresteg - 950 Tyrvingpoeng.
Thea Nilsen (J15) kvalfiserte seg for UM. 500 gr. spydet landa på 29,45 m som er godt over UM-kravet. 29,45 m er ein solid ny PR (før 24,89 m).
Maria Mjelva Straume (J15) sprang ein solid 800 m. Ny PR 2,26,99 (før 2,29,81) og ho er kvalifisert for UM. Med 2,26,99 er Maria no klubbens 8. raskaste kvinne på 800 m gjennom alle tider.
Det var og mange andre gode prestasjonar og personlege regordar blant Ørsta IL friidrett sine utøvarar. I 10-årsklassen er det mange talent. Mads Melle Lundberg, Kristian Aarflot Årdal, Madelene Almestad, Lea Johanne Asbjørnsdottir Skotte, Agnes Hjellen Haugland og Ragne Øyehaug deltok på stemnet og leverte svært gode resultat og mange personlege rekordar.
Dimna IL stilte med fleire utøvarar på nasjonalt toppnivå. Den høgste poengsummen på Tyrvingtabellen tok Henrikke Antonsen (J17) frå Dimna IL då ho kasta slegga 46,43 meter og fekk 1029 poeng.
Utøvarane var svært glade for å kunne konkurrere på Ørsta stadion igjen. Så langt i år har det på Ørsta stadion kun vore arrangert mindre treningsstemne p.g.a. smittevernsrestriksjonar.
SpareBank 1-leikane vart arrangert av Ørsta IL friidrett laurdag 20. juni. 55 utøvarar frå ni klubbar deltok på stemnet. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Øvingsutval, aldersgrupper og tal på deltakarar og publikum var redusert i samband med covid 19-pandemien.
Resultatliste ligg på https://www.orstail.no/files/1375
Elias Hovden Nilsen og Andrine Hjellen Haugland frå Ørsta IL friidrett tok begge sølv på BULs og Tjalves stevneserie på Bislett del 2 søndag 14. juni. Det står stor respekt av at to spydkastarar frå Ørsta IL friidrett kvitterte ut kvar sin andreplass og kvart sitt sesongbesteresultat!
I klassen kvinner senior vart Andrine nr. 2 med 47,90 m. Dette er ny sesongbeste (før i år 46,70 m). Elias Hovden Nilsen kasta i klassen menn senior og vart nr 2 med 60,64 m og ny sesongbeste (før i år 56,87 m) og 972 Tyrvingpoeng.
Stemnet vart arrangert av BUL og Tjalve på Bislett under streng oppfølging av smittevernsreglar i samband med korona-pandemien.
Opptak av stemnet ligg på Facebook: https://www.facebook.com/watch/live/?v=379232086373776&external_log_id=154de189-0115-46dd-ab2d-af9999b1ce0b
Laurdag 20. juni kl 12 er det klart for SpareBank1-leikane på Ørsta stadion.
Trykk på linkane under for lister:
Tidsskjema Sparebank1 leikane 2020
Klubb - SpareBank 1 - leikane - koronareglar (oppdatert fredag)
Startliste - SpareBank 1 - leikane - koronareglar v2 (oppdatert fredag)
Møt i god tid før di første øving.
Det vert ikkje avkryssing.
Det vert ikkje startnummer.
Det vert ikkje premieutdeling.
Sidan det er avgrensa med plass på stemna på grunn av smittevernreglane så må alle utøvarane melde seg på via MinIdrett seinast 16. juni.
Foreldre eller trenarar som ønskjer plass på tribune må også melde seg på. Dei kan melde seg på via epost til orstail.friidrett@gmail.com
Du vil då få tildelt akkreditering om det er plass. Aktive utøvarar vil bli prioritert.
Alle som melder seg som funksjonærar vil få adgang til stadion.
I innbydinga i linken under så finn du meir informasjon om stemnet og kva øvingar som er sette opp.
Innbyding SPB1-leikane 2020 Ørsta IL friidrett – revidert COVID-19
Tilleggsøving: Vi har opna for påmelding på slegge for 10-14 år.
Treningsstemnet på Ørsta stadion i kveld vart rekordenes aften. Det vart sett 33 nye flotte personlege rekordar (PR), 5 nye klubbrekordar, to topp-10 resultat i Ørsta IL for menn gjennom alle tider og to resultat over 900 Tyrvingpoeng. Dette var ei strålande sesongopning på stadion!
Nye klubbrekordar til:
Madelene Almestad Kristiansen (J10) 16,22 på 100 m.
Pia Flatjord Tofteland (J11) 15,85 på 100 m.
Julie Hovden Ryste (J12) 14,84 på 100 m
Jonatan Hovden Ryste (G12) 14,72 på 100 m.
Johannes Eiksund (G17) 23,56 på 200 m (952 Tyrvingpoeng). Dette er ny PR og klubbens 3. raskaste 200 m for menn gjennom alle tider! I ein svært spennande spurtduell frå start til mål med Sondre Johannes Espelid frå Dimna IL var det Johannes som vart først over målstreken. Begge sette PR.
På 100 m sette Johannes ny PR utandørs på 11,74 (959 Tyrvingpoeng) og han er no klubbens 5. raskaste mann på 100 m gjennom alle tider.
Så legg vi igjen merke til Jenny Hermine Bjørneset (J14) med ny PR på 800 m med tida 2,39,14. På dagen for eit år sidan sprang ho 800 m på 3,06,75. Så her snakkar vi om framgang med store bokstavar.
Filip Hoggen (G16) har også noko på gang på 800 m. I dag 2,16,67 som er mindre enn 2 sek bak PR.
26 utøvarar deltok på stemnet som var det første løpsstemnet Ørsta IL friidrett har arrangert i år. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar i samband med covid 19-pandemien.
Torsdag 28. mai sette Elias Hovden Nilsen ny banerekord i spydkast på Ørsta stadion med gode 56,87 m.
Den gamle rekorden 54,88 m overlevde fram til tordag kveld alle "angrep" sidan 1995. Nye banerekordar er så visst ikkje kvardagskost og skal heller ikkje vere det. Dei skal henge høgt.
Ser vi på dei øvrige banerekordane i kast så er kulerekorden 17,09 m frå 1963, diskosrekorden er 53,84 m frå 1984, sleggerekorden er 62,66 m frå 1972, spydrekorden med den gamle spydtypen er 74,48 m frå 1984. Alle desse rekordane er sette av kastarar med store merittar. Så Elias er i særs godt selskap på banerekordlista.
Thea kasta også i går kveld. Debuterte med 600 gr spydet. Det gjorde ho fin-fint. Thea kasta 24,42 m og er no klubbens 10. beste kvinne i spydkast gjennom alle tider!
Kalender
|