I går kom Holen Sand og Grustak AS med ei flott gåve til Ørsta IL friidrett: Ei lastebillass med god sand til hoppegrop på Ørsta stadion!
Vi takkar så mykje for gåva!
Tysdag 12. mai startar vi opp trening også for 10-12-åringane. Treninga vert i grupper på 20 inklusiv trenar. Alle må halde avstand på minst ein meter. Det vert ikkje bruk av utsyr, og ingen fysisk kontakt. Alle smittevernsreglar vert følgde. Rutinane er i tråd med retningslinjer frå myndigheiter og forbund, og er også avklarte med lokalt helsepersonell. Epost med informasjon om detaljar er sendt ut til alle føresette.
Treinga er utandørs på Ørsta stadion.
Alle foreldre må gå gjennom smittevernsreglane med barna sine. Ingen som har symptom på luftvegsinfeksjon kan kome på trening.
Dei yngre aldersgruppene ventar vi med.
Lenkar:
Regjeringens plan og justering av koronatiltak. [Regjeringen 07.05.20]
NFIF sine retningslinjer for konkurranser. [NFIF 07.05.20]
Kjøreregler for begrenset organisert trening i friidretten.
NIFs anbefaling til utøvelse av idrettsaktivitet. [NIF 07.05.20]
No er heile ungdomsgruppa i Ørsta IL friidrett i alderen 13 år og oppover i gang att med fellestreningane. Vi følgjer råda frå forbund og myndigheiter med tanke på smittevern. Det gjer at vi deler inn i grupper på maks fire utøvarar og ein trenar. Kun kastgruppa bruker reiskap, som må desinfiserast før og etter bruk. Resten har kun inntil vidare grunntrening med løp og spenst/styrke utan bruk av utstyr.
Tysdag 5. mai startar vi opp trening også for 13-åringane. Treninga vert i grupper på 4 utøvarar og ein trenar. Alle smittevernsreglar vert følgde. Dei yngre aldersgruppene ventar vi med.
Norgesmeisteren Elias Hovden Nilsen fekk tildelt drivkraftstipendet for 2020. Banksjef Ole-Magnus Orlien frå Sparebank1 Søre Sunnmøre overrekte Elias ein sjekk på 25 000 kroner. Banken seier Elias var ein av mange søkjarar til stipendet, og dei er imponerte over kva han har fått til så langt. Banken deler årleg ut stipend til unge talent innan kunst og kultur. Elias vil nytte stipendet til vidare satsing på spyd.
Sjå flott omtale i Møre-Nytt tysdag 14. april.
Kalender
|