Tysdag 14. april fekk dei eldste utøvarane i Ørsta IL friidrett starte forsiktig opp med utetrening att. Det var ein motivert og blid gjeng som møtte til første fellestrening på ein månad.
Vi følgjer retningslinene frå myndigheitene og forbund. Vi trener i små grupper på 4 pluss 1 trenar, med rett minsteavstand mellom alle, og med desinfisering av utstyr. Treningane er inntil vidare kun for eldstegruppa.
Ørsta IL friidrett avlyser all trening og anna felles aktivitet inntil vidare i samband med koronavirus.
Det vert ikkje treningar eller annan felles aktivitet.
For aldersgruppene 15 år og eldre vert det opna for trening i små grupper på 5 og færre etter påske. Dette vert kun etter direkte avtale med trenarane. Krav frå myndigheitene og friidrettsforbundet skal overhaldast på treningane. Sjå meir info under treningstider.
(Oppdatert 9. april 2020)
Trykk her for årsheftet 2019 Her er artiklar, bilete og statistikk frå 2019.
Jonatan Hovden Ryste (G12) vart krinsmeister på 60 m, 200 m, 600 m og 1000 m kappgang i Ulsteinhallen i helga. Tvillingsyster hans, Julie Hovden Ryste (J12), vart krinsmeister i kappgang og lengde, og ho hadde nest beste tid på 60 m.
Tid: Torsdag 5. mars kl 17.30
Stad: Klubblokala til Ørsta IL i Ørstahallen, møterom 1
Kalender
|