I oktoberferie har friidretten i Ørsta ferie. Vi startar vintertreninga første veke i november. Det vert likevel nokre treningar i oktober for gruppa 13 år og eldre.
Treningstidene er snart klare. Vi kjem tilbake med dei om kort tid.
Denne veka har det vore sesongavslutting for Ørsta IL friidrett. Tysdag 24. september var det premieutdeling for rekrutteringscupen.
Torsdag 26. september var det omvendt 5-kamp for dei som er ni år og eldre. Signe Torvik Mork vann 5-kampen.
Tysdag 24. september kl 18.00 er det premieutdeling for Rekrutteringscup 2019 på Ørsta stadion. Dette er for alle aldersgrupper. Dette er og markering av sesongavslutting for dei som er 2011-modellar og yngre.
Torsdag 26. sept. kl 18 er det OMVENDT 5-KAMP.
Endeleg resultatliste frå cup nr 6 er klar. Trykk her for resultatliste
Anna Hjellen Haugland (J17) kasta i kveld 4 kg slegga 41,33 m som er ny PR (før 40,57 m) - Ny banerekord kvinner senior - Ny klubbrekord kvinner junior og senior!
Anna Hjellen Haugland (J17) kasta 3 kg slegga ut til 45,57 m (1018 Tyrvingpoeng) og tok bronsemedaljen på UM. Dette er Anna sin første meisterskapsmedalje på UM-nivå. Elias Hovden Nilsen kasta spydet ut til 55,49 m og tok bronsemedaljen.
Kalender
|