Elias Hovden Nilsen er teken ut til å representere Norge i nordisk juniorlandskamp og nordisk meisterskap U20 i friidrett i Kristiansand 17.-18. august. Elias skal kaste spyd i landskampen.
No startar haustsesongen for friidretten i Ørsta IL - Hugs KM på Molde i helga!
Først ut er friidrettsskulen 12.-14. august.
Vi er no klare for å ta i mot 45 barn på friidrettsskulen idrettsleikar i Ørsta! Også i år er det stor påmelding til friidrettsskulen.
Elias Hovden Nilsen og Andrine Hjellen Haugland deltok i NM i friidrett på Hamar i helga, og imponerte med gode resultat og plasseringar. Elias debuterte i NM med 6. plass i spyd med 59,65 m. Andrine tok 8. plassen i spyd med 44,95 m.
Raskaste mann på Saudehornet rett opp 2019 var Johan Bugge frå Mosvik IL friidrett, med tida 51,54. Raskaste kvinne var Silvana Bucher Sandbakk, NTNU, med tida 1:05:29.
Kalender
|