Andrine Hjellen Haugland og Elias Hovden Nilsen deltek på NM i friidrett på Hamar i helga. Begge skal kaste spyd. Andrine kastar spydet laurdag kl 17:34, Elias kastar søndag kl 13:00.
Meir info frå NM finn de på: https://www.nmfriidretthamar2019.no
Elias Hovden Nilsen hevda seg på internasjonalt nivå i helga da han tok sølv i spyd i klassen G19 på Världsungdomspelen på Nya Ullevi i Gøteborg. Elias kasta heile 61,24 meter! Dette er ny personleg rekord (før 58,09 m) og ny klubbrekord.
Etter Veidekkeleikane på Lillehammer skal norsk friidrett notere seg talentfulle Elise Aarflot (J13) frå Ørsta IL friidrett.
Lerøysamling på Ørsta stadion torsdag 15. august kl 18-20. Denne samlinga er for alle friidrettsutøvarane i alderen 13-14 år i Møre og Romsdal. Meir info kjem på: https://www.friidrett.no/k/more-og-romsdal/arrangement/kalender-for-more-og-romsdal-fik/
Nahom Kibreab (G18/19) tok gull på 800 meter på Tyrvingleikane med tida 2,03,89 og ny personleg rekord. Han tok 8. plass på 400 meter med 52,92 sek og ny personleg rekord. Med 400 metersresultatet kvalifiserte han seg til UM (NM i friidrett for ungdom).
Kalender
|