Nahom Kibreab vann 1. mai løpet på Åheim. Med det tok 18-åringen sitt første napp i vandrepokalen. Nahom vann foran Kristian Nedregård som har vunne dei siste 13 gongane.
Dei som ikkje sprang fort og godt på Ørstastafetten søndag 28. april hadde teke turen til Loggane denne dagen for å kaste tungt og langt. Anna Hjellen Haugland (J17) held fram som i fjor med å banke inn 1000 poengresultat.
34 lag og over 130 utøvarar deltok på Ørstastafetten sitt 50-årsjubileum søndag 28. april. Dette var sesongopning på Ørsta stadion der ein også fekk ta i bruk det nye tribuneanlegget og fasilitetane i Ørstahallen for første gong.
34 lag og over 130 utøvarar deltok på Ørstastafetten sitt 50-årsjubileum. Dette var og opningsstemnet for friidrett der ein tok i bruk Ørstahallen og det nye tribuneanlegget.
Meir info kjem seinare.
Heile 90 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 23. april i Vikegata. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. I strålande solskin og god varme var det stor deltaking og svært god stemning på stemnet.
Kalender
|