Tysdag 23. april startar Ørsta IL friidrett opp utesesongen for alle aldersgrupper. Første aktivitet er gateløpet i Vikegata. Etter det er det stort tilbod på friidrettsfronten. Vi skal ha treningar, rekrutteringscup og mykje meir.
Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne spyd for senior på Ørsta stadion.
Dato: Måndag 8. april 2019.
Tid: Kl 18.30.
Øvingar: Spyd - kvinner senior og menn senior
Påmelding ved frammøte - gratis.
Andrine Hjellen Haugland fekk innsatspokal på årsmøtet til Ørsta IL. Innsatspokalen vart tildelt Andrine for ekstraordinær innsats som utøvar.
Elise Aarflot (J13) frå Ørsta IL friidrett imponerte stort då ho tok 3. plass i lengde med 4,43 m på Bamseleikane i Stange.
Ørsta IL friidrett sine utøvarar deltek laurdag 23. og søndag 24. mars på det tradisjonsrike innandørsstemnet Bamseleikane i Stangehallen i Stange. Live resultatservice på http://webres1.andro.no/bamse/2019/
Meir info kjem i løpet av helga.
Kalender
|