Nyheter

Ei stor friidrettshelg for Ørsta IL friidrett er over. Ørsta sine fire utøvarar på krinslaget for 13- og 14-åringar var fleire turar på premiepallen på krinskampen Lerøy-leikane i Måndalen. Møre og Romsdal tok 3. plass på i år - tett bak Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane Friidrettskrins. Det vart fleire klubbrekordar og sterke prestasjonar av ØIL Friidrett sine unge og lovande utøvarar. 

Jonatan Hovden Ryste (G13) vann 200 m hekk og sette ny personleg rekord (PR) 30,98 (før 32,96). 1013 Tyrvingpoeng. Han vann 200 m hekk og sette ny PR 30,98 (før 32,96). 1013 Tyrvingpoeng. På 1500 m sette han ny PR 4,41,27 (før 4,47,52). 977 Tyrvingpoeng. 4,41,27 er også ny klubbrekord G13. Den tidlegare rekorden var frå 1987. Prestasjonen gav sølvmedalje. Han sette i forsøket på 60 m hekk (76,2) ny PR 9,79 (før 10,25) og ny klubbrekord G13. 1002 Tyrving vart det og. I finalen tok han heim sigeren. Så heldt Jonatan fram med sølv på 600 m. Ny PR 1,35,49 (før 1,45,52) og ny klubbrekord G13. 974 Tyrvingpoeng.

Noah Digernes Merheb (G14) er framleis i storform. Han vann 200 m med ny PR 25,44 (før 25,48). Ny klubbrekord G14. 945 Tyrvingpoeng. Han tok tredjeplass på 600 m. Ny PR 1,31,88 (før 1,49,40). Ny klubbrekord G14. 977 Tyrvingpoeng. Noah sprang for første gong under 8 sek på 60 m. 7,99 i forsøket og ny PR (før 8,11). 935 Tyrvingpoeng. Så vann han finalen på 8,05. Når ein spring kort og fort kan ein like godt fortsette med å springe langt og fort. På 1500 m tok han heim 5. plassen etter å ha satt ny PR 4,35,42 (før 4,46,55). 948 Tyrvingpoeng. 4,35,42 er også ny klubbrekord G14. Den tidlegare rekorden var frå 1989.

Julie Hovden Ryste (J13) vann 200 m hekk (68,0) og satte ny PR 34,29 (før 35,26). 905 Tyrvingpoeng.J13. Julie vann lengde (sone) etter eit hopp på 4,57 m! 909 Tyrvingpoeng.

Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13) vart nr. 4 i finalen på 60 m med tida 8,98. Linnea sette ein flott ny PR på 60 m hekk (76,2) på tida 12,17 (før 13,36).

Lerøylekene er høgepunktet gjennom friidrettssesongen for alle 13 og 14 år gamle friidrettsutøvarar over heile landet, kvart einaste år. Lerøy-leikane vert ofte kalla eit "uoffisielt NM for 13- og 14-åringar". Landet vert delt inn i tre regionar, og det er tre arrangement samtidig, eitt i sør, eitt i vest og eitt i midt/nord. Arrangør i Midt- og Nord-Norge var i år Måndalen IL.

På Karabinlekene på Fana stadion i Bergen vant Eva Mundal Melle (J13) 60 m. Ny PR 8,64. (før 8,72) og 935 Tyrvingpoeng. Eva er etter denne 60 m no klubbens 9. raskaste kvinne på distansen gjennom alle tider. Så når ein er i topp-1-slag så kan ein likegodt doble med å vinne 100 m og sette ny PR 14,07 (før 14,52). På toppen av det heile så vann ho 80 m på tida 11,35 og ny PR.

I Kristiansand har det vore NM-helg for seniorane. Elias Hovden Nilsen kasta 800 gr spydet 56,69 m og vart nr 11.

12.09.2021
- olve.oyehaug

Lerøy-leikane i Måndalen: Ørsta IL friidrett stiller med fire utøvarar på Lerøy-leikane i Måndalen denne helga. Lerøy-leikane er ein sosial og spennande lagkamp mellom friidrettskretsane. Det vert konkurrert i eit breidt utval av øvingar.

Julie Hovden Ryste (J13), Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13), Jonatan Hovden Ryste (G13) og Noah Digernes Merheb (G14) frå Ørsta IL friidrett kvalifiserte seg til å representere Møre og Romsdal friidrettskrets. Isak Arneson Lothe (G14) kvalifiserte seg og, men kunne ikkje stille p.g.a. skade.

Facebook-link til stemneinfo: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge

Lerøy-leikane vert ofte kalla eit "uoffisielt NM for 13- og 14-åringar". Landet vert delt inn i tre regionar, og det er tre arrangement samtidig, eitt i sør, eitt i vest og eitt i midt/nord. Det er ein konkurranse mellom friidrettskretsane i landet. Kretsen med høgst samla poengsum vinn. Møre og Romsdal har vunne konkurransen i mange år. 

10.09.2021
- olve.oyehaug

Elias Hovden Nilsen skal kaste spyd på NM i friidrett i Kristiansand. Finalen i spyd er søndag 12. september kl 12:35.

Info om NM finn ein på: https://nmkristiansand.no/

 

08.09.2021
- olve.oyehaug

Ørsta stadion – Ørsta IL friidrett
Tysdag 14. september - 2021

Møt kl.17.15 for å hente startummer  

Stemnestart kl 18.

Øvingar:

·         Jenter/gutar Rekrutt (6-9 år)        60 m, lengde, slengball

·         Jenter/gutar 10-12 år                   100 m, 600 m, tresteg, slegge

·         Jenter/gutar 13-14 år                   100 m, 800 m, tresteg, slegge

·         Jenter/gutar 15-19 år og senior   100 m, 800 m, 2000 m, tresteg, slegge, diskos, spyd

Rekruttane får 3 forsøk i hopp- og kastøvingar. 10 år – 14 år får 4 forsøk. 15 år og eldre får 6 forsøk.

Påmeldingsfrist: Søndag 12. september 2021
Påmelding: Online påmelding på appen MinIdrett,  
www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no
Startkontingen
t: Kr 50,- for å delta (betaler ikkje pr øving) - betalast med Vipps ved frammøte

Dette stemnet erstattar den vanlege friidrettstreninga denne dagen.

NB! Atterhald om endring p.g.a. covid-19-pandemien. Informasjon vert om dette publisert på www.orstail.no/friidrett og på Ørsta IL friidrett si Facebook-side.

05.09.2021
- olve.oyehaug

Maria Mjelva Straume (J16) imponerte stort då ho tok sølv på 800 meter på UM med gode 2,20,61 sek, 930 Tyrvingpoeng og ny personleg rekord. Tida er klubbens 3. raskaste 800 m for kvinner gjennom alle tider. No har Maria to sølv på 800 m på UM, for også i fjor tok ho sølv på denne distansen.

Prestasjonen er ekstra stor med tanke på at Maria fekk begynne å trene skikkeleg for berre to månader sidan etter ei sju månaders lang treningspause etter at ho vart overtrent i fjor. Maria er og ein dyktig konkurransesvømmar og hevdar seg godt også innanfor den idretten.

Thea Nilsen (J16) sette ein solid ny personleg rekord (PR) og ny klubbrekord J16 i diskos 1 kg med 30,20 m (før 26,92 m). 30,20 m er klubbens 5. lengste diskoskast kvinner gjennom alle tider. Ho sette og ny PR med 500 gr spydet 32,43 m (før 30,80 m). 2 x PR og 4. og 5. plass i eit meisterskap er gode prestasjonar!

Sprint i aldersklassen G18/19 i Norge held eit høgt nivå i år. Her er det mange som spring veldig fort og Johannes Eiksund er ein av dei. Johannes tok seg til semifinale på 100 m. Han sprang to gode 100 m som begge gav høge 900-poengarar: 988 Tyrvingpoeng for 11,42 sek i forsøket og 11,50 sek i semifinalen gav 974 Tyrvingpoeng. Han sprang 200 m på 23,81, eit løp han ikkje var heilt nøgd med.

UM (Ungdomsmeisterskap) er norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-19 år. UM vart arrangert i Trondheim 3.-5. september. Mange deltakarar frå Møre og Romsdal deltok.

05.09.2021
- olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket