Det er ikkje fellestreningar for 10-12-årsgruppa i vinterferien.
For gruppa 13 år og eldre: Det blir vanleg trening mandag, tysdag (dersom hallen er open) og torsdag i vinterferien.
Andrine Hjellen Haugland er invitert til å delta på samling med Norges Friidrettsforbund sitt rekrutteringslandslag i kast 15.-17. februar på Toppidrettsenteret i Oslo.
No er vi i gang med treningane i den nye Ørstahallen. Første trening var måndag 11. februar. Tysdag den 12. februar fekk vi verkeleg glede oss over hallen for då var det pøsregn og slaps ute.
45 store og litt store samla seg på den årlege 900-poengsfesten på klubbhuset for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengfat.
Kalender
|