Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne 400 m for 13 år og eldre torsdag 20. september klokka 18.30 på Ørsta stadion. Påmelding ved frammøte. Gratis! :-)
Det vert ikkje ordinær trening for 13+ denne dagen.
Utandørssesongen går no mot slutten. Veka 17.-23. september er siste veke med vanlege treningar.
Tysdag 25. september kl 18 er det premieutdeling for rekrutteringscupen.
Torsdag 27. september kl 18 er det omvendt 5-kamp, for 2009-modellar og eldre.
Ørsta IL friidrett stiller med ni utøvarar i alderen 15 år og eldre på Midt-Norsk meisterskap i helga 15.-16. september. Dette er historisk! Det er lenge sidan friidrettsgruppa har stilt med så mange utøvarar på eit meisterskap.
I kretskampen tok Ørsta IL friidrett fire medaljar - ein sølv og tre bronse. På dette nivået er det plasseringar det står respekt av. Thea Nilsen og Arnstein Nikolai Ose tok to pallplassar kvar og Filip Hoggen tok mellom anna ein god 5. plass.
Årets Valderleikane vart arrangert på Aksla stadion søndag 2. september. Det var mange gode prestasjonar i eit flott haustver. Ørsta IL friidrett stilte med fire utøvarar.
Kalender
|