Ørsta IL friidrett har tre utøvarar på kretslaget på Lerøyleikane i Måndalen i helga 7.-9. september. Filip Hoggen, Thea Nilsen og Arnstein Nikolai Ose kvalifiserte seg til å få vere med. Lerøyleikane er eit "uoffisielt NM i friidrett" for 13-14 åringar.
123 utøvarar, fordelt på 254 startar, deltok på rekrutteringscup nr 6 den 4. september på Ørsta stadion. Dette var sjette og siste stemne i rekrutteringscupen i år. Premieutdeling vert i slutten av sepember.
Andrine Hjellen Haugland tok sølv i spyd J18/19 med kast på 42,56 m (989 Tyrvingpoeng). Andrine har hatt ein flott sesong der ho gjennom heile året har hevda seg i landstoppen.
31 august - 2. september går årets UM av stabelen i Overhalla - i trivelige Trøndelag. Vi stiller til start med fem utøvarar: Johannes Eiksund, Anna Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen, Amalie Tomasgard og Andrine Hjellen Haugland.
Påmelding og betaling (kr 50,-) ved frammøte.
Øvingsutval:
Rekruttar (7 år og yngre): 60 m, slengball
Rekruttar (8-9 år): 60 m, lengde
10–12 år: 100 m, 600 m, lengde, slegge
13 år og eldre: 100 m, 1500 m, tresteg, høgde, slegge
Kalender
|