Maria Mjelva Straume (J16), Thea Nilsen (J16) og Johannes Eiksund (G18/19) deltek på UM i friidrett i Trondheim i helga. UM er Ungdomsmeisterskapet, NM for ungdom i alderen 15-19 år.
Maria deltek i 800 m. I fjor imponerte ho stort då ho tok ho sølv på denne distansen på UM. Johannes spring 100 m og 200 m. Thea kastar diskos og spyd.
Tidsskjema, resultat og meir info finn de på:
og
Noah Digernes Merheb (G14) frå Ørsta IL friidrett viste storform på Ørstaleikane. Han sette ny klubb/aldersrekord på 200 m med 25,48 sek og 942 Tyrvingpoeng. Han sprang 60 m på 8,11 sek, ny pers og 902 Tyrvingpoeng. Noah er og god på mellomdistanse og sette solide persar på både 800 m (2.16,56) og 1500 m (4,46,55). I tillegg vart han medlem i 5-metersklubben i lengde!
Jonatan Hovden Ryste (G13) heldt høgt nivå i alt han deltok i. Han sprang 200 m på 27,13 sek, ny pers og ny klubb/aldersrekord G13 og 903 Tyrvingpoeng.
Madelene Almestad (J11) hoppa til ny pers i høgde 1,33 (før 1.15 m) og 992 Tyrvingpoeng. Ho støtte 2 kg kula 8,03 m som gav 953 Tyrvingpoeng.
Maria Mjelva Straume (J16) sprang 800 m på 2,23,27 og sette sesongbeste. 2,23,27 er akkurat no landets 7. beste tid på 800 m J16 i 2021.
Ramona Magdalena Ose (J12) sette ein ny solid pers i diskos 0,6 kg. 20,21 m (før 14,68 m).
Det var god deltaking i dei yngste aldersklassane 6-9 år. Innsatsen der lovar godt for framtida til Ørsta IL friidrett.
Det vart sett 47 personlege rekordar og to nye klubb/aldersrekordar i Ørsta IL friidrett på stemnet.
Det var gode resultat frå Ørsta IL friidrett sine utøvarar, men dei aller sterkaste prestasjonane kom frå Dimna IL og Hareid IL. Det var desse klubbane som tok heim bestemannspremiane. Ikornes IL har eit sterkt kastmiljø. Anne Konstanse Sætre Solbjør (J13) utmerka seg med 1005 Tyrvingpoeng for kulestøt på 11,38 m.
Det vart delt ut bestemannspremie i fire aldersgrupper på Ørstaleikane. Kriteriet for å vinne var høgste poengsum på Tyrvingtabellen. Det var mange resultat over 1000 poeng, høgt nasjonalt nivå. Vinnarane vart:
J11-14: Synne Selvåg Larsen, Hareid IL, J12 200 m (28,26 sek) - 1018 poeng
G11-14: Kristoffer Hagen Skoge, Dimna IL, G12 60 m (8,19 sek) - 1056 poeng
J15-19: Borghild Oline Holstad, Hareid IL, J15 200 m (26,30 sek) - 1015 poeng
G15-19: Jonas André Ose, Dimna IL, G18/19, 100 m (11,17 sek) - 1013 poeng
125 utøvarar frå 19 klubbar deltok på det tradisjonsrike friidrettsstemnet Ørstaleikane i helga 28.-29. august på Ørsta stadion.Det var tydeleg at utøvarane sette stor pris på å få delta på stemne igjen etter ei lang tid med få tilbod om stemne p.g.a. pandemien.
Rundt 50 av utøvarane representerte Ørsta IL friidrett. Dei andre 75 var frå andre klubbar i Møre og Romsdal og nabofylket Vestland. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar.
Resultat frå begge dagar av Ørstaleikaneer klar. Trykk på linken under.
Resultatliste Ørstaleikane 2021 (kvalifisert utgåve)
Det vart på Ørstaleikane delt ut bestemannspremie på kr 500,- i fire aldersgrupper. Kriterie er høgste poengsum på Tyrvingtabellen. Vinnarane vert kontakta direkte.
Vinnarane vart:
J11-14: Synne Selvåg Larsen, Hareid IL, J12 200 m (28,26 sek) - 1018 poeng
G11-14: Kristoffer Hagen Skoge, Dimna IL, G12 60 m (8,19 sek) - 1056 poeng
J15-19: Borghild Oline Holstad, Hareid IL, J15 200 m (26,30 sek) - 1015 poeng
G15-19: Jonas André Ose, Dimna IL, G18/19, 100 m (11,17 sek) - 1013 poeng
Meir informasjon kjem.
Mari Øyehaug (J15) sette personleg rekord på 800 m på treningsstemnet på Ørsta stadion i kveld. Ho sprang på 2,35,38 og klarte nesten UM-kravet som er på 2,33. Det er no ei veksande mellomdistansegruppe i klubben og resultata vert stadig betre.
Erik Drange Tønnessen (menn senior) sprang 800 m på 2,35,18 på same stemnet. Han sanka dermed inn gode poeng til lagserien i friidrett.
Madelene Almestad (J11) fekk 1008 Tyrvingpoeng etter å ha sett ny sterk personleg rekord i kule 2 kg med resultatet 9,09 m (før 6,88 m). Dette er ny klubbrekord J11 i kule 2 kg! Ho sprang også 200 m på 32,02 (før 32,05) som er både ny pers rek og ny klubbrekord J11. Ho hoppa 3,89 i lengde, noko bak pers men det heldt godt til gull. Dermed kunne Madelene reise heim med tre gull.
Ørsta IL friidrett stilte med ni unge og spreke utøvarar på Akslaleikane i Ålesund.
Pia Flatjord Tofteland (J12) hoppa 4,46 m i lengde (sone) og tok heim 949 Tyrvingpoeng. Vidare ein solid pers rek med 2 kg kula 8,42 m (før 7,19 m). Ho sprang og ein god 200 m på 30,11. Også Pia reiste heim med tre gull.
Jonatan Hovden Ryste (G13) er i storform. Han fekk 933 Tyrvingpoeng etter å ha satt ny pers rek 4,47,52 (før 4,48,87) på 1500 m. Han tangerte pers rek 32,96 på 200 m hekk (68,0).
Ragne Øyehaug (J11) tok med seg heim tre sølvmedaljar og ny pers i kule med 5,45 m.
Lea Johanne Skotte (J11) tok sølv på 200 m og hoppa godt i lengde.
Lotta og Peter Flatjord Tofteland (J8 og G8) er to unge multitalent. Dei får imponerande resultat i ei stor breidde friidrettsøvingar og i andre idrettar.
Håkon Jarl Skotte (G9) er allsidig i tillegg til å vere svært rask. Han fekk gode resultat i løp, lengde og liten ball. 60 meteren sprang han på 9-talet!
Det vart sett seks nye personlege rekordar i Ørsta IL friidrett på Aksla stadion i dag!
Ålesund friidrettsklubb arrangerte det tradisjonelle Akslaleikane på Aksla stadion søndag 22. august i strålande sol og lite vind. Det var deltaking frå mange av klubbane i fylket.
Kalender
|