Nyheter

På NM på Byrkjelo var det regn og "trollvind". Då vart det vanskeleg å kaste spyd. Derfor var det ein flott prestasjon av Andrine å ta 9. plassen i laurdagens NM-konkurranse med eit kast på 39,71 m i hauststormen. Andrine tilhøyrer spydeliten i landet.

19.08.2018
- olve.oyehaug

Andrine Hjellen Haugland kastar spyd på NM i friidrett på Byrkjelo i helga. Ho deltek i spydfinalen laurdag kl 17.00. Tidsskjema, resultat og live-streaming finn de her: http://byrkjelo2018.no 

Vi ønskjer Andrine lukke til! 

17.08.2018
- olve.oyehaug

Tysdag 21. august kl 18.00 startar friidretten i Ørsta haustsesongen for fullt. Tysdagen er det trening for alle aldersgrupper. Vel møtt til nye og gamle utøvarar.
(13 år og eldre startar 20. august). 

16.08.2018
- olve.oyehaug

59 barn og 13 leiarar var i full sving i tre dagar på friidrettsskulen på Ørsta stadion. Flott ver og godt opplegg frå leiarane skapte god stemning. Leiarane er aktive friidrettsungdomar. Friidrettsskulen var frå måndag til onsdag veka før skulestart.

13.08.2018
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til Ørstaleikane søndag 26. august på Ørsta stadion. 

Resultatliste (uoffisiell)

Lenkar til lister og skjema:

Trykk her for invitasjon

Klubbliste (pr. laurdag)

Startliste (pr. laurdag)

Tidsskjema

13.08.2018
- olve.oyehaug

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket