Amalie Tomasgard (J16) deltek på Världsungdomspelen i Gøteborg i helga. Her møtest dei beste friidrettsungdommane i Europa. Dette er eit av dei største friidrettsstemna i verda med over 8500 startar. Sjå meir info om stemnet på http://www.vuspel.se
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) tok gull i spydkast på Veidekkeleikane på Lillehammer. Andrine stadfesta igjen at ho er i storform då ho kasta 600 grams-spydet 45,15 meter.
Ørsta IL friidrett stiller med 12 utøvarar på Veidekkeleikane på Lillehammer. Stemnet er eit av dei største friidrettsstemna i landet, og vert arrangert 21.-24. juni på Stampesletta på Lillehammer
Arnstein Nikolai Ose (G13) vart kretsmeister i både slegge og diskos tysdag 19. juni på Molde Idrettspark. Han kasta slegga 24,69 meter. Diskosen kasta Arnstein 18,02 meter. Det var godt spenn i alderen til deltakarane, frå 13 år og opp til 86 år.
ØIL friidrett har avtale med Sport1 Ørsta AS om rabattar i perioden 01.01.2018-31.12.2020.
ØIL friidrett har avtale med Fysio1 om rabattert behandling.
Rabattane gjeld alle aktive registrerte medlemer i friidrettsgruppa.
Trykk "Les mer" for meir info.
Kalender
|