Elias Hovden Nilsen (G17) hevdar seg i landstoppen i spyd. Han tok sølv med spydkast på 53,96 m på Tyrvingleikane i Bærum.
Vi sender snart ut innbetalingsinformasjon om medlemsavgift og trenings-/deltakaravgift. Betalinga gjer ein i MinIdrett.
Medlemsavgifta går til hovudlaget Ørsta IL.
Trenings-/deltakaravgifta går til Ørsta IL friidrett.
Ørsta IL friidrett stiller med fem utøvarar på Tyrvingleikane i Bærum i helga. Fredag tok Elias Hovden Nilsen (G17) sølv i spyd med kast på 53,96 m!
Sigrid Vartdal (J17) sprang ein god 200 m på tida 27,18. Meir info kjem søndag når stemnet er over.
Seks utøvarar frå ØIL stilte til start. Det vart sett 11 nye personlege rekordar.
Rundt 70 barn i alderen 4-9 år deltok på friidrettens dag på Ørsta stadion laurdag 9. juni. Barna fekk springe frå stasjon til stadjon i ein time. På stasjonane var det ulike øvingar innan løp, hopp og kast. Resultata vart skrivne rett på startnummeret.
Kalender
|