Ørsta IL friidrett arrangerer idrettsleikar på Ørsta stadion måndag 13. august - onsdag 15. august 2018.
Arnstein Nikolai Ose (G13) tok 2. plassen - 32 cm bak vinnaren - og sette ny PR med eit kast på 25,25 m med 3 kg slegga.
Anna Hjellen Haugland (J16) vann slegge 3 kg med eit kast på 37,82 m (920 Tyrvingpoeng).
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) kasta spydet ut til svært så solide 46,50 m på Fana stadion. Kastet ga 1045 Tyrving-poeng. Dette er ny klubbrekord og kretsrekord. Det er akkurat no Norges lengste spydkast J18/19. Neste mål er ny banerekord i Ørsta.
Ørsta IL stiller med åtte utøvarar på Framoleikane på Fana stadion i Bergen 1.-3. juni. Framoleikane har etablert seg som eit av dei verkeleg store og gode friidrettsstemna for barn og unge i Norge.
Kalender
|