40 barn i alderen 7-12 år hoppa, kasta og sprang tre heile dagar på Ørsta stadion under kynding leiing av sju dyktige leiarar i alderen 15-19 år som sjølve er aktive friidrettsutøvarar.
Det er 10. året på rad at Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettsskule på Ørsta stadion. Det er like moro kvart år! Vi ser no fram til 10 nye år med friidrettsskule.
Friidretten startar straks opp att etter sommarferien.
* 16.-18. august: Friidrettsskule for 7-12-åringar. Alt er klart til å ta i mot dei 38 påmelde. Info er sendt på epost til alle som har meldt seg på.
* 22. august (søndag): Sparebanken Møre Akslaleikane i Ålesund. Påmelding via minidrett.no (eller appen MinIdrett). Påmeldingsfrist torsdag 19. august. Betaling til oppmann i Ørsta IL friidrett ved frammøte på stemnet (betaler 50% av startkontingent). Link til innbyding: https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/more-og-romsdal/dokumenter-2021/innbydelser/aug-sept/sparebanken-more-akslaleikane-2021.pdf
* 24. august (tysdag): Treningane til Ørsta IL friidrett startar opp att for alle i alderen 6 år (2015-modellar) og eldre. Første trening er tysdag 24. august kl 18.
* 28.-29. august (laurdag og søndag): Ørstaleikane på Ørsta stadion - dette er Ørsta sitt storstemne med mange øvingar (her treng vi hjelp frå alle foreldre som har barn på friidrett - set av både laurdag og søndag). Påmelding via minidrett.no (eller appen MinIdrett). Påmeldingsfrist tysdag 24. august. Ørsta IL friidrett sine utøvarar betaler kr 50,- ved frammøte. Link til innbyding: https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/more-og-romsdal/dokumenter-2021/innbydelser/aug-sept/innbyding-orstaleikane.pdf
Saudehornet rett opp 2021 er AVLYST.
Arrangøren fann det ikkje tilrådeleg å arrangere løpet p.g.a. det lokale Covid-19-smitteutbrotet dei siste dagane.
Elias Hovden Nilsen og Johannes Eiksund deltek på Jr NM i friidrett på Askøy denne helga.
Elias er medaljekandidat i spyd i klassen M23.
Johannes deltek i både 100 m og 200 m i klassen M20. Johannes er semifinalekandidat på 100 m.
Stemnet startar i dag fredag 30. juli. Meir info finn ein på nettsida til arrangementet: https://jrnm2020.no
Laurdag 28. og søndag 29. august inviterer Ørsta IL friidrett til storstemne over to dagar på Ørsta stadion.
Det er 126 påmelde.
Stemnet vert arrangert i tråd med gjeldane retningsliner for smittevern. Alle som er på stadion skal vere friske.
NB! Alle publikum må registrere seg ved frammøte på stemnet. Registrering skjer ved frammøte. Det kan verte restriksjonar for antal på tribunen dersom mange ønskjer å vere publikum.
Vi deler stemnet i to begge dagar. Først ut er rekruttane (9 år d.v.s. 2012-modellar og yngre). Når dei er ferdige skal dei og foreldre forlate stadion. Etter det vert det stemne for 10 år og eldre.
Trykk på linkane under for å sjå meir info:
Tidsskjema laurdag Ørstaleikane 2021
Tidsskjema søndag Ørstaleikane 2021
Klubbliste Ørstaleikane 2021 (pr 24.08 kl 23:59)
Startliste - Ørstaleikane 2021 (pr 24.08 kl 23:59)
Invitasjon med øvingsutval: Innbyding Ørstaleikane 2021 - Ørsta IL friidrett
Funksjonærliste_Ørstaleikane_2021_-_laurdag v3
Funksjonærliste-Ørstaleikane-2021-søndag v3_b
Kalender
|