Ørsta IL friidrett kallar med dette inn til årleg møte 2018.
Tid: Måndag 26. februar kl 18.30-19.30
Stad: Tussatun - Tussa sine lokale i Hovdebygda - Langemyra 6
Trykk knappen "Les mer" for å sjå sakslista.
Årsheftet for 2017 er klart. Årsheftet inneheld bilete, artiklar om aktivitet, statistikk, resultat og meir.
Den årlege 900-poengsfesten hadde rekordframmøte. Etter trening i Ørstahallen gjekk rundt 50 store og små til klubbhuset for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengfat.
Sigrid Vartdal (J17) vann 200 meter med gode 26,79 sek og ny pers. Ho tok bronse på 60 meter med 8,35 sek og ny pers. Begge resultata ga over 900 Tyrvingpoeng.
Ørsta IL friidrett gjer seg no klare til å reise på Pingvinleikane i Bergen 10.-11. februar. Vi stiller med 15 utøvarar og eit solid støtteapparat. Følg med på www.pingvinlekene.no
Kalender
|