Dimna IL inviterer til innandørsstemne i Ulsteinhallen laurdag 25. november. Stemnet er for alle aldersgrupper. Ørsta IL friidrett stiller med 18 utøvarar. Sjå dimna.no for meir info.
Onsdag 1. november startar vintertreningane for alle som er 2008-modellar og eldre. Første trening er i Ørstahallen onsdag kl 17-18. Vel møtt til gamle og nye utøvarar. Sjå treningstider under "treningstider" i menyen til venstre.
Den 5. oktober var det treningsstemne på Ørsta stadion i kast for senior.
Det var stor stemning på Ørsta stadion i kveld, torsdag 28. september, då Ørsta IL friidrett markerte sesongavslutting med omvendt 5-kamp for alle som er ni år og eldre. 39 utøvarar i alderen 9-18 år konkurrerte i utradisjonelle øvingar.
Rundt 130 barn deltok på sesongavsluttinga for dei yngste på Ørsta stadion i dag. Først ut var superduperstafett med pendelstafett for sju lag med 18-19 deltakarar på kvart lag. Detter var det premieutdeling og ein matbit til slutt.
Kalender
|