Ørsta IL friidrett markerte seg godt første dag på Midt-Norsk meisterskap i friidrett på Øya stadion.
Anna Hjellen Haugland (J15) tok gull i slegge 3 kg med ny personleg rekord på 36,76 m (før 34,67 m) og ny klubbrekord J15. Kastet gav 969 Tyrving-poeng.
Treninga torsdag 14. september vert kl 1700-1800 for 10-12 årsgruppa.
For aldersgruppa 13+ vert treninga frå kl 1700-ca 1815.
Det er heimekamp for A-laget fotball på stadion kl 1900 den dagen.
September er siste månaden i sommarsemesteret til friidretten. I oktober har vi ferie. I november startar vintertreningane.
Sjå under for detaljar.
Sarah Moussa og Johannes Eiksund er tekne ut til å representere kretslaget i friidrett på LERØY-leikane i Stjørdal 9.-10- september.
LERØY-leikane er ein kretskamp for 13-14 åringar og arrangerast same helg 3 steder i Norge; Stjørdal – Jessheim – Osterøy.
Hommelvik IL Friidrett saman med Norsk Friidrett Sør-Trøndelag arrangerer Midt-Norsk Mesterskap i Friidrett 2017 på Øya Stadion i Hommelvik 16. og 17. september. Ørsta IL friidrett stiller med 8 utøvarar i alderen 15 år og eldre.
Kalender
|