Hannah Marie Skjeret spring raskare og raskare for kvar start no. På 200 meter tok Hannah fjerdeplass i klassen kvinner senior på ny årsbeste 26,37. Ho nærmar seg sitt gamle toppnivå på 100 meter. I finalen vart ho nr. 6 med ny årsbestenotering på 12,56.
Rundt 100 ivrige barn deltok på friidrettens dag. Utøvarane fekk utdelt startnummer der øvingsleiarane skreiv resultata rett på startnummeret.
Det var svært god deltaking på friidrettens dag tysdag 13. juni. Dei yngste utøvarane fekk delta i ni ulike øvingar. Det var stor stemning på stadion.
Dei eldste hadde løp, tresteg og spyd. Trykk her for førebels resultatliste for 11 år og eldre.
Ørsta IL friidrett stiller med ein god tropp på Honndalsleikane laurdag 10. juni. 13 utøvarar frå Ørsta er påmelde i eit variert utval av øvingar.
Oversikt over påmelde finn ein på: https://wp.nif.no/PageTerminDetail.aspx?LinkId=309755
Stad: Ørsta stadion
Dato: 13. juni
Påmelding kl 17.15-17.45
Stemne kl 18.00-19.00
Pris: Kr 50,- pr utøvar
Kalender
|