Ørsta IL friidrett kallar med dette inn til årsmøte 2017.
Tid: Måndag 6. mars kl 18.00-19.00
Stad: Ørsta IL klubbhus
Trykk "Les mer" for saksliste.
Ørsta IL friidrett tek vinterferie 20.-26. februar. Det vert ikkje fellestrening då. Mange av dei eldste er på treningsleir, og mange andre er vekkreiste den veka. Vi oppmodar alle til eigentrening i vinterferien.
Ørsta IL friidrett sitt årshefte frå 2016 med årsmelding, bilete, artiklar, resultat, statistikk og meir er no tilgjengeleg på PDF-format.
Den årlege 900-poengsfesten hadde rekordframmøte. Etter trening i Ørstahallen gjekk 47 store og små til klubbhuset for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengsfat.
Ørsta IL sitt stafettlag tok 5. plass på 4 x 200 meter stafett i NM i friidrett i Ulsteinvik. Dei sette samtidig ny klubbrekord, med tida 1,51,19. Dette er eit lag vi kan vente oss gode resultat av framover.
Kalender
|