Øvingar:
100 m og 400 m for 10 år og eldre
Kule for 13 år og eldre.
Stemnestart kl 18.00 på Ørsta stadion. Påmelding ved frammøte.
Andrine Hjellen Haugland sette ny banerekord i spyd kvinner etter å ha kasta 600 gramspydet ut til 39,52 m på stemnet i dag! Den gamle banerekorden var på 37,67 m frå 2004.
Friidretten i Ørsta held på for fullt ut september. I oktober har vi ingen fellestreningar. Vintertreningar for dei som er 10 år og eldre startar i november.
Rekruttar (9 år og yngre): Trening tysdag 13. og 20 sept. Avslutning og premieutdeling 27. sept.
Treningsstemne på Ørsta stadion torsdag 15. sept kl 18
Klasser: Menn senior og kvinner senior
Øvingar: Spyd og høgde
Påmelding/registrering ved frammøte
Det var svært god deltaking på sjette og siste stemne i rekrutteringscupen til Ørsta IL friidrett. 84 stemnedeltakarar frå eigen klubb på ein tysdagskveld er imponerande. Det var stor idrettsglede og gode resultat.
Kalender
|