Nyheter

Johannes Eiksund (G13) vart tre gongar gullvinnar på Valderleikane. Gull og ny pers på 60 m med 9,11 sek. Gull i kule 3 kg. Så delte han gullplassen med klubbkamerat Jakob Rudi Nordang i lengde. Begge sette ny pers i lengde med 3,90 m.

05.09.2016
- olve.oyehaug

Laurdagen på UM i Sandnes vart historisk for Ørsta IL friidrett med to medaljar i spyd. Andrine Hjellen Haugland (J17) tok sølv med kast på 44,31 m. Elias Hovden Nilsen (G15) tok bronse med kast på 50,71 m. Begge sette ny klubbrekord og solid ny pers.

03.09.2016
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett sine meisterskapsdebutantar imponerte første dag på UM i Sandnes med plaseringar heilt i toppen, klubbrekordar og personlege rekordar.

02.09.2016
- olve.oyehaug

Andrine Hjellen Haugland (J17), Sigrid Vartdal (J15), Åse Øyehaug (J15) og Elias Hovden Nilsen (G15) deltek på UM i Sandnes i helga. Andrine deltek i spyd, Sigrid på 100 m og 200 m, Åse på 80 m hekk, 300 m hekk og tresteg, Elias i spyd, diskos og kule.

01.09.2016
- olve.oyehaug

Møre og Romsdal vann Ungdomsleikane i Stjørdal. Dei vann også stafetten. Andreplass gjekk til Troms og tredjeplass til Nordland. Frå Ørsta IL friidrett deltok Luke Davidsen (G13), Hanna Hoggen Gjærset (J14) og Anna Hjellen Haugland (J14) på krinslaget.

28.08.2016
- olve.oyehaug

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket