Nyheter

Ørsta IL friidrett stilte med sju motiverte utøvarar på krinsmeisterskap i friidrett Molde 13.-14. august. Det var godt over 100 deltakarar frå heile fylket på stemnet. Det vart sju gull, fem sølv, fem bronse og åtte personlege rekordar for Ørsta-gjengen.

14.08.2016
- olve.oyehaug

Svein-Egil Johannessen vert ny sportsleg leiar i Ørsta IL friidrett. Han har lang friidrettserfaring som utøvar, trenar, sportsleg leiar og meir frå andre klubbar. ØIL friidrett er priviligerte som får ein så erfaren, dyktig og motivert sportsleg leiar.

08.08.2016
- olve.oyehaug

Andrine Hjellen Haugland imponerte i junior NM i dag. Ho tok ein god 4. plass med eit lengstekast på 39,57 meter. Resultatet er solid forbetring av pers (frå 37,31 meter) og ga 989 Tyrving-poeng. Dette er Ørsta IL sitt tredje lengste spydkast for kvinner!

06.08.2016
- olve.oyehaug

Det var mange gode resultat motbakkeløpet Saudehornet rett opp 2016. Det var 82 påmelde i konkurranseklassen og 135 i mosjonsklassen. Trykk på linkane under for resultatliste.

 

Resultat klassevis

Resultat pr kjønn

06.08.2016
- olve.oyehaug

Andrine Hjellen Haugland deltek på junior-NM i friidrett på Brandbu 5.-7- august. Andrine skal kaste spyd laurdagen kl 15.15. Andrine er i svært god form og ser fram til å delta på sitt første JR NM.

Meir info finn de på: http://friidrettnm.no/

04.08.2016
- olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket