Nyheter

Trym Ville Krøvel (G12) vart dagens vinnar i kule. Han støytte 3 kg-kula 9,78 meter og vart dermed den som fekk flest poeng på Tyrving-tabellen. Han fekk heile 908 Tyrvingpoeng.  

Kristian Aarflot Årdal (G11) sette personleg rekord med 7,39 meter med 2 kg-kule.

Dei siste åra har kule biltt ei rotasjonsøving også i Europa. Vi har øvd på rotasjon på treningane, og mange av utøvarane viste på stemnet at dei har fått god kontroll på rotasjonen. 

20 motiverte utøvarar i alderen 10-13 år deltok på Ørsta IL friidrett sitt treningsstemne i kule på Ørsta stadion 27. mai.

Trykk her for resultatliste - treningsstemne kule 

27.05.2021
- olve.oyehaug
Torsdag 27. mai har Ørsta IL friidrett treningsstemne i kulestøt på Ørsta stadion for aldersklassane 10 år og eldre.
Dette er del av "månadens utfordring" frå friidrettskretsen. Nokre heldige utvalde vil få t-skjorte i uttrekkspremie etter stemnet.
Dei som er 10-12 år møter kl 18 og er ferdige ca 19 eller litt etter det.
Dei som er 13 år og eldre startar rundt kl 19 (alt etter kor lenge vi held på med 10-12-årsgruppa).
25.05.2021
- olve.oyehaug

41 motiverte utøvarar konkurrerte på klubbstemnet som Ørsta IL friidrett arrangerte laurdag 8. mai. Resultata var gode trass låg temperatur og både hagl og regn mot slutten av stemnet. 

Madelene Almestad (J11) sletta den 27 år gamle klubbrekorden for aldersklasse J11 på 60 meter hekk med 12,73 sek. Den gamle rekorden frå 1994 var på 12,74 sek og var sett av mor til Madelene, Anita Kristiansen.

Ørstas raskaste mann Johannes Eiksund konkurrerer no i 18/19-årsklassen. Han sprang 100 m i kraftig regn og solid motvind på 12,36 sek. Det viser at han er godt i rute tidleg i utandørssesongen.

I klassen G-12 imponerte nykomanane Trym Ville-Krøvel og Ruben Urkegjerde. Dei starta med friidrett i vinter og i dag tok dei første- og andreplass i alle øvingane dei deltok i. 

Friidrettsgruppa har endeleg kome i gang igjen med stemne for 6-9-åringane. I dag deltok 13 av dei på stemne. I fjor var det ingen stemne for denne aldersgruppa p.g.a. pandemien. Ørsta IL friidrett er no godt i gang med å bygge opp att den gruppa og ser fram til å arrangere fleire stemne og treningar også for den aldersgruppa.  

Stemnet var for aldersgruppa 6-19 år. Deltaking var avgrensa til Ørsta IL sine utøvarar og avgrensa i aldersklassar p.g.a. covid-19-pandemien. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

Trykk på linken for resultatliste: Resultat - Klubbstemne 8 mai 2021

08.05.2021
- olve.oyehaug

Tidsskjema, klubblister, startlister og funksjonærlister er klare.

Sjå nøye gjennom klubblister og startlister og meld frå snarast til arrangør om de finn feil. 

Stemnestart vert kl 12 for alle aldersklassar, men nokre av utøvarane har første start etter kl 12.

Utøvarar bør møte ca 45 minutt før første start for å hente startnr og å gjere seg klare.

Trykk på linkane under for å opne listene:

Startliste v1 - Klubbstemne 8 mai 2021

Klubbliste v1 - Klubbstemne 8 mai 2021

Tidsskjema-klubbstemne 08.05.21

Funksjonærliste v3 Klubbstemne 8 mai 2021

06.05.2021
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til klubbstemne på Ørsta stadion laurdag 8. mai for aldersgruppene 6-19 år. Stemnet vert avgrensa til Ørsta IL friidrett sine utøvarar.

Påmeldingsfrist er tysdag 4. mai. Påmelding på minidrett.no eller appen MinIdrett. Det vert ikkje opna for etterpåmelding. 

Stemnet vert arrangert i tråd med gjeldande retningsliner knytt til covid-19-pandemien. Les derfor nøye gjennom innbydinga for å setje deg inn i reglane.

Trykk her for innbyding - klubbstemne Ørsta IL friidrett 8. mai 2021

30.04.2021
- olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket