Nyheter

Det er 54 lag som er påmelde til TINEstafetten tysdag 10. mai på Ørsta stadion. Det er gode vermeldingar, så vi ventar gode resultat og storinnrykk av publikum. Friidrettsgruppa er teknisk arrangør.  Stemnestart kl 18. Frammøte ca kl 1700.

04.05.2016
- olve.oyehaug

Den tradisjonsrike Ørstastafetten vert arrangert laurdag 14. mai på Ørsta stadion. Påmelding i SportsAdmin eller epost seinast tysdag 10. mai til orstail.friidrett@gmail.com

Sjå: Innbyding Ørstastafetten 2016 for meir info. 

03.05.2016
- olve.oyehaug

Vi gjer friidrettsstadion klar til storinnrykk av nye og gamle friidrettsutøvarar. Måndag 2. mai kl 18-19 er det dugnad for friidrett på Ørsta stadion.

Tysdag 3. mai kl 18-19 er det første friidrettstrening for rekruttane, 2007-modellar og yngre. 

01.05.2016
- olve.oyehaug

Heile 99 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 26. april. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Det var med løparar heilt ned i toårsalderen. Flott ver og rekorddeltaking skapte svært god stemning på stemnet.

26.04.2016
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett har no starta utesesongen etter ein god vinter med inne- og utetreningar. Første stemne er rekrutteringscup nr. 1 med gateløp tysdag 26. april. I fjor var det rekordframmøte på gateløpet med nesten 100 deltakarar.

22.04.2016
- olve.oyehaug

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket