Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne i Ørstahallen 9. mars kl 1630-1800.
Aldersgruppe: 10 år og eldre.
Øvingar: Kule, lengde utan tilløp, høgde utan tilløp (høgde vert kun for alder 12 og eldre).
Påmelding ved frammøte. Gratis å delta.
Årsmøtet i Ørsta IL friidrett vart gjennomført måndag 29. februar. Det var ni frammøtte på årsmøtet. Nytt styre vart valt.
Sigrid Vartdal (J15) sprang på 28,66 sek på 200 m. Sigrid fekk verkeleg opp farta etter ein litt treg start, og viste at ho er god for 27-talet om ikkje lenge. Dette lovar godt for 2016-sesongen for Sigrid.
Maria Sætre (J15) tok 5. plass i høgde på UM. Ho hoppa leikane lett opp til og med 1,45 m utan riv. Ho prøvde seg på 1,50 m, som er 2 cm over pers, men lukkast ikkje med det. Ho gjorde og gode forsøk i stavhopp.
UM innandørs 2015 på Steinkjer: Åse Øyehaug J15 hoppa godt i lengde i dag, berre 9 cm bak finaleplass.
Trykk "Les mer" for å sjå meir.
Kalender
|