Luke Mellan Suarez Davidsen (G13) frå Ørsta IL friidrett vart trippel-krinsmeister i friidrett i øvingane kule, 60 m og 200 m på innandørs krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen. Luke imponerte mest i kulestøyt med 9,03 meter og ny pers.
Det blir stor stemning på 900-poengsfesten på Ørsta IL klubbhus onsdag 3. februar kl 1800. Vi går dit rett etter treninga i Ørstahallen.
Dimna IL inviterer til stemne i Ulsteinhallen 30.-31. januar. Påmeldingsfrist for Ørsta IL er søndag 24. januar kl 21.00. Dette blir eit flott innandørsstemne over to dagar. Øvingar for alle aldersgrupper. Trykk her for invitasjon.
Det er 60 påmelde til treningssamlinga i Ulsteinhallen komande helg. Nesten 15 motiverte trenarar og leiarar er klare til å gi utøvarane ei flott treningshelg. Den store interessa lovar godt for friidretten på Sunnmøre og i resten av Møre og Romsdal.
Onsdagstreningar i Ulsteinhallen for gruppa 13 år og eldre i januar/februar: 13. januar, 27. januar, 10. februar og 17. februar. Fordeling av ansvar for køyring er sendt ut til foreldra.
Kalender
|